Heim igjen - Bømlo 2024

bilde

Me inviterer igjen til Heim igjen - Bømlo!

Er du bømling som studerer eller jobbar vekke, eller som snart skal ut og studere? Vurderer du kanskje å flytte til Bømlo? Eller har du nyleg flytta til Bømlo og er på leit etter jobb?

Me har laga til ein møteplass for nettopp deg, der du kan få møte bedrifter som held til i området, og kanskje finne din framtidige arbeidsstad.

På denne samlinga på HiSio får du møte bedrifter og andre i samme situasjon som deg. Me vil og fortelje litt om korleis det er å bu på Bømlo, og kva ein kan finne på når ein er ferdig på jobb. Meir info om kven du får møte kjem fortløpande!

Det vert servert god mat og drikke, og arrangementet har difor 18 års aldersgrense.

Stad: HiSio
Tidspunkt: 19. desember, dørene opnar 18.30 og arrangementet startar 19.00
Pris: Gratis
Påmelding: Kjem

Dette arrangementet er ikkje retta mot dei som allereie jobbar i nokon av medlemsbedriftene våre.

Sjå alle hendingar