Bømlo Kommune

Samling for handverksbedrifter og matprodusentar

bilde

Bømlo Næringsråd inviterer handverksbedrifter og matprodusenter til samling i Kommunestyresalen i Bømlo Rådhus.

Målet er å treffast, bli betre kjende med kvarandre, og sjå om det er ting me kan gjere saman - som gjer oss sterkare.

Det blir innlegg frå næringsrådet, Gullsmio, Bømlo Maker Space, ordførar og kommunedirektør, før me køyrer ein plenumsdiskusjon der me diskuterer oss fram til korleis me kan leggje til rette for tettare samarbeid framover.

Påmelding til heidi@bomlonr.no innan 13. april. Sjåast på rådhuset!

Agenda

17:00

Velkommen og bakgrunn for møtet

v/dagleg leiar Nina Ingvaldsen Bømlo Næringsråd

17:15

Utvikling gjennom samarbeid - kva er første steg?

v/dagleg leiar Astrid Farestveit Gane Gullsmio

17:25

Asbjørns rammeverksted - no og framover

v/rammemeister Asbjørn Egeland

17:35

Draumen om Bømlo Maker Space

v/initiativtakar Torbjørn Gjøen

17:45

Bømlo kommune - eit mangfaldig næringsliv

v/ordførar Sammy Olsen

17:55

Pause og ein kopp kaffi

18:10

Plenumsdiskusjon

18:50

Oppsummering, og takk for i dag

v/kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter

I plenumsdiksusjonen ønskjer me å diskutere følgjande spørsmål:

  • Kva kan me få til saman? Både dei som driv innan det same, og på tvers av område?
  • Korleis bør me organisere oss for å få til meir i lag?
  • Kva areal og/eller verkstadar ville vore interessant å hatt tilgjengeleg for å drive utvikling vidare?
  • Finnes det midlar å søkje på som kan vere med å finansiere eit samarbeid mellom fleire bedrifter?
  • Korleis kan næringsrådet legge betre til rette for samarbeid?

Sjå alle hendingar