HSD - Handelssenteret ditt

Handel-, service og reiselivssamling

bilde

Onsdag 3. mai drar me i gang med samling for handel-, service og reiselivsnæringa. Samlinga blir på HSD-senteret, med bevertning på Kafe'dn i by'dn.

På samlinga har me fått med oss dyktige Jane Jünger, som vil dele av sine erfaringar innan kommunikasjon og marknadsføring. Her vil ein få nyttige råd de kan ta inn i eige kommunikasjonsarbeid.

Jane Jünger har erfaring med kommunikasjonsarbeid frå ulike bedrifter, og har mellom anna tidlegare vore leiar for Sunnhordland Museum. Siste 5 åra har ho vore kommunikasjonsdirektør i Wärtsilä Norway, og har lukkast med å nå fram til mange ulike målgrupper gjennom arbeidet her.

Wärtsilä Norway er ein av hovudsponsorane til næringsrådet, og ei stor bedrift som er oppteken av å bidra inn i arbeidet til næringsrådet mellom anna for å løfte og heie fram mindre aktørar i næringslivet opp og fram.

Agenda:

  • Eting, mingling og dingling på Kafe'dn i by'dn
  • Korleis lukkast med kommunikasjon i bedrifta di, v/ kommunikasjonssjef Jane Jünger i Wärtsilä Norway
  • Tips, triks og trendar i sosiale mediar og digitale flater, v/ prosjektleiar Mari Pedersen Totland i Bømlo Næringsråd
  • Kaffi og drøs og noko søtt til kaffien på Kafe'dn i by'dn

Påmelding til heidi@bomlonr.no, og gje beskjed om du vil ha mat. Samlinga er gratis, men ein betaler mat og drikke sjølv. Det blir servert thai-tallerken til 189 kr per person, inkl. kaffi og noko søtt. Påmelding er bindande.

Det er berre 40 plassar, så ver tidleg ute med å melde deg på!

Sjå alle hendingar