Moster Amfi

Frukostmøte med Future Solutions, Skagen Fondene og Stord Lufthamn

bilde

Ein gong i året gjennomfører næringsrådet frukostmøte «Ka bala du med?». Her går tre bedrifter saman, for å fortelje om det dei driv med. Denne gongen er det Future Solutions, Skagen Fondene og Stord Lufthamn som vil presentere seg. 

Bedriftene: 

Future Solutions har spesialisert seg på prosjekt innan berekraft i bedrift, og er gode til å finne løysingar i verkemiddelapparatet for å få finansiering til prosjekta. 

Skagen Fondene er eit døme på ei bedrift der nokon har tatt med jobben heim på flyttelasset til Bømlo. Høyr kva dei arbeider med, og kva dei kan tilby di bedrift. 

Stord Lufthamn har fått FOT-ruter, noko som betyr hyppigare avgangar frå Stord Lufthamn. Kom og høyr meir kva moglegheiter dei kan tilby di bedrift.

Program:

  • Frukostservering
  • Velkommen og kort status frå næringsrådet v/prosjektleiar Mari Pedersen Totland
  • Future Solutions v/Jarle Mortensen
  • Skagen Fondene v/formuesforvalter Tord Isaksen
  • Stord Lufthamn og dei nye FOT-rutene v/lufthamnsjef Jan Morten Myklebust

Påmelding innan 15. mars til post@bomlonr.no.

Samlinga er for medlemmar i Bømlo Næringsråd, og det er plass til 40 stk. Så ver rask å melde deg på! Frukost vert servert frå kl 08.00, og så startar me 08.30. Velkommen!

Sjå alle hendingar