Atheno StartOppkurs
Går du med ein gründer i magen?
Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. I løpet av februar vil Atheno halde StartOPP kurs i fleire av Sunnhordlandskommunane, der du vil få ei innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering. Målet er at du etter endt kurs skal ha eit godt grunnlag for å avklare og arbeide vidare med ideen eller verksemda di.
Kursa er gratis og ope for alle, uavhengig av kvar i Sunnhordland du held til.
NB! Det vil kunne kome endringar på kort varsel dersom dei nasjonale/lokale retningslinjene vert endra.
For meir informasjon eller påmelding ta kontakt med Reidun Rykkje på epost reidun@atheno.no eller telefon 91745102