Scale AQ kjem på heim igjen!
Ønskjer du å bli ein del av verdas mest berekraftige industri for produksjon av mat? Vil du bidra til løysingar som forbetrar fiskevelferd, jobbe hands-on med ny teknologi, og være med på å definere morgondagens havbruk i et konsern i vekst?
Scale Aquaculture AS er ein ledande global rådgjevar og leverandør til havbruksnæringa. Fokus på produktutvikling, Marine Engineering og digitalisering har gitt dei ein sterk posisjon, og gjort dei til ein føretrekt partner for oppdrettsselskap verden over. Scale AQ har kundar i over 40 land og meir enn 900 ansatte fordelt på kontor i Norge, Skottland, Island, Canada, Tasmania, Chile, Polen og Vietnam.
Visjonen til Scale AQ er å skape framtidas akvakultur gjennom vekst, optimalisering og oppgradering av industrien. For å nå visjonen er dei avhengig av engasjerte og motiverte medarbeidarar som er dyktige på sitt fagområde. Solide menneske gjer berekraftig virksomheit, for deira kundar og for Scale AQ. Lokal tilstedeværelse betyr sterke relasjonar, å være der, og løyse utfordringar der dei er.
På Scale AQ Bømlo med deira ca. 30 ansatte jobbar dei med produksjon av flytekragar, service på kamera- og sensorsystem, produksjon av forankringssystem og logistikk. Hos Scale AQ vil du bli tatt imot av et innovativt miljø med høg kompetanse og stor takhøgde. Scale AQ tilbyr sommarjobb og moglegheit for å bryne seg på lærerike caser og studentoppgåver.
Scale AQ har ledige sommarjobbar som:
- Prosjektingeniør innan berekraft og HMS
- Teknologiutvikling og påverking av fisken
- Økodesign for sirkulær plast i havbruk
Det også mogleg å skrive studentoppgåver innan disse tema, med base lokalt her på Bømlo. Ta kontakt med Scale AQ eller møt dei på Heim igjen 2023!