Samarbeid om arbeidsintegrering

bilde

Bømlo vaksenopplæring, NAV og Bømlo vgs har eit godt og langt samarbeid gjennom mange år. I desse dagar er trykket av flyktningstraumen til Noreg og Bømlo stort, og bedrifter har stor auke i forespørslar på å ha folk i språk- og arbeidspraksis. Det er difor viktig at me koordinerer oss enno betre enn før, og sikrar at dei som kjem vert godt skodd og kvalifisert til å bidra i arbeidslivet på Bømlo.

Bømlo Næringsråd tok initiativ til eit møte for å bli betre kjende med aktørane som arbeider for å få flyktningar og andre inn i arbeidslivet, og forstå betre kven som har ansvar for kva. Det er mellom anna Bømlo kommune som har ansvar for realkompetansekartlegging i høve grunnskulen, og gjennomføring av introduksjonsprogrammet for flyktningar. Når det kjem til realkompetansevurdering for utdanning utover grunnskulen, er det fylket som har ansvar for dette, og det vert gjennomført av RLT, og Stord vgs har tilbod innan vidaregåande opplæring. Når introduksjonsprogrammet er gjennomført, skal flyktningane ut i arbeidslivet, og NAV tek vidare oppfølging herifrå.

I møtet snakka me om ulike utfordringar ein ser frå dei ulike aktørane, og kva moglegheiter som finnes i forhold til å auke språkforståing innan ulike næringsområde, kvalifisering i skulevesenet med meir. Me såg på kva yrker næringslivet slit med å få tak i folk, og diskuterte moglegheiter for å legge til rette for utdanningstilbod som kan kvalifisere flyktningar til jobbar der arbeidslivet slit med å få tak i folk.

Det er svært mange gode initiativ på gang, alt frå kurs som skal starte opp innan arbeidsnorsk, til moglegeheiter for modulbasert opplæring innan yrkesfag på Stord. Bømlo vaksenopplæring har hatt stor suksess med språkopplæring i kantina på Bømlo vgs. Å sjå på moglegheita til å etablere fleire slike verksemder med fokus på språktrening og arbeidstrening, er noko som kan vere ein veg å gå for å redusere trykket på henvendingar som no går til næringslivet.

Me vart samde om å halde kontakten vidare, og hadde nokre aksjonar til oppfølging etter møtet.

Sjå alle nyhende