Møte mellom politikarar og næringsliv

bilde
Foto: God stemning på bakerste benk! Ordførar Sammy Olsen, Ove Grønås for byggenæringa, Simon Nesse Økland for havbruk og Hans Petter Nesse for maritim, framdrift og teknologiutvikling. Foto: Peter Tubaas, Vestland Media.

I slutten av mars holdt næringsrådet ei samling for politikarar og representantar frå ulike næringsområder, der politikarane fekk viktige innspel frå næringslivet til valkampen til hausten. Samarbeid, tiltrekking av meir kompetanse og bruk av heile øya er sentrale stikkord i åra som kjem.

Det var næringsrådet som tok initativ til møtet, då næringslivet ønskjer enno tettare samarbeid med lokale politikarar framover, både i høve lokale, regionale og nasjonale saker. Dette var eit første møte for å komme i gang, og det blir lagt opp til jamnlege møtepunkt med politikarane frå hausten av. Målet er å få til meir i lag!

Næringsrådet vil takke bedriftene som kom og representerte dei ulike næringsområda, og til politikarane som tok seg tid til å delta. Me set stor pris på arbeidet de gjer for kommunen vår!

Oversikt over kven som deltok for dei ulike næringsområda finn ein her.

Sjå alle nyhende