Morgonsamling om samarbeid skule-arbeidsliv og kompetanse

bilde

Tidlegare i juni arrangerte næringsrådet ei samling om samarbeid skule-arbeidsliv og kompetanse på Teknologisenteret i Rubbestadneset, der me fekk høyre frå to studentar som påpeika kor viktig det er at næringslivet på Bømlo knyter kontakt med utflytta bømlingar under utdanning.

Teknologisenteret fyller seg opp, og i starten av juni flytta LOS Elektro og LOS Gruppen inn i bygget. Dagleg leiar i LOS Elektro, Oddgeir Alvsvåg, starta samlinga med å ønskje velkommen og fortelje litt om viktigheita av bygget der skuleelevar får utdanne seg side om side med bedriftene.

Nina Ingvaldsen fortsatte så med ei statusoppdatering får arbeidet med tilflyttarstrategien. Næringsrådet jobbar med å sikre eigarskap på dei ulike initativa som kom som eit resultat av strategien, og fleire prosjekt er allereie godt i gong. Denne samlinga der studenter får presentere seg og sin kompetanse til næringslivet er eit heilt konkret tiltak som kom i frå dette arbeidet.

Sunniva Grindheim Teigland har nyleg fullført ein bachelorgrad i marknadsføring og merkevareleiing, i tillegg til at ho har bygd på med eit årsstudium i digital marknadsføring. Sunniva har no flytta heim igjen til Bømlo, og er på jakt etter ein arbeidsplass. Ho fortalde forsamlinga om kva ho har lært på studia, og korleis arbeidsplassane på Bømlo kan nytte marknadsføring til å bli meir synlege for potensielle arbeidstakarar.

Andreas Gjerdevik Grasdal starta karriera som lærling i Bømlo Kraftnett, før han flytta til Bergen for å ta utdanning som fagskuleingeniør i elkraft. Han valde å skrive hovudoppgåva si i samarbeid med sin tidlegare arbeidsplass, Bømlo Kraftnett. I oppgåva skulle han prosjektere eit elektrisk anlegg til eit nytt bustadfelt. Han meiner det ligg stor verdi å samarbeide med ei lokal bedrift, og oppfordra bedriftene til å ta inn unge i relevante sommarjobbar og til oppgåveskriving.

Rektor Tor Inge Kalstad frå Bømlo vgs hadde deretter eit innlegg om samarbeidet mellom næringslivet og vidaregåande skule, og potensiale for å få til enno meir saman framover. Kajsa Lovisa Nordström frå HVL fortalde så om kva for vidareutdanningstilbod som finst på HVL. Ho understreka at dei har moglegheit til å skreddersy kurspakkar til næringslivet, og oppmoda bedriftene om å ta kontakt for eit potensielt samarbeid. Avslutningsvis fortalde Hege Valde frå Polaris Media Vest om at dei er i gong med å lage "Heim igjen" magasinet for tredje året på rad, og at dei som ønskjer å vise fram arbeidsplassen sin kan allereie no tinge plass i magasinet. Dette er eit flott magasin med formål om å vise fram Sunnhordland som ein flott stad å jobbe, bu og leve.

Dette var den siste samlinga arrangert av næringsrådet før sommaren. Neste samling vert Bømlakonferansen 12. september - hold av datoen!

Sjå alle nyhende