Matre kjem på Heim igjen!
Matre er ein leiande produsent av avansert brannslukkingsutstyr for å trygge kritisk infrastruktur, blant anna helikopterdekk på offshore-installasjonar, båt og sjukehus. No er dei klare for å møte deltakarar på årets Heim igjen-arrangement!
Selskapet utfører arbeid frå R&D til produksjon, service og vedlikehald. Deira system og produkt er brukt av eit mangfald kundar over heile verda. Ein treff gjerne systema deira på ferjer, der det beskyttar farleg lastsone (føre og bak utan overdekk). Dei satsar på kontinuerleg utvikling og ønskjer både nyutdanna og erfarne ingeniørar innan mekanisk design/ maskinteknikk. For dei som fortsatt er i studieløpet, tilbyr dei moglegheit for sommarjobb og oppgåveskriving (relevant for 2-år bachelor og oppover). I tillegg er det eit veksande behov for servicemekanikarar.
Matre meiner at kulturelt mangfald, kompetanse og erfaring vil hjelpe dei å nå nye høgder. Dei satsar på eit kunnskapsrikt fagmiljø med stort fokus på personleg utvikling, ved bruk av både interne og eksterne ressursar. Tverrfaglege arbeidsoppgåver, korte beslutningsvegar og direkte engasjement i fleire ledd i verdikjeda gjer kvar tilsett ein moglegheit til å bløme innan sitt interesse- og fagområde.
Ta ein prat med Matre på Heim igjen 2023 for å høyre meir!