Eidesvik Offshore kjem på Heim igjen!

bilde

Eidesvik Offshore ASA, med hovudkontor på Bømlo, eig og opererer ein flåte med 13 spesialskip som jobbar worldwide innanfor offshore supply, subsea og offshore wind. Dei er klar for å møte engasjerte folk på Heim igjen 21. desember!

Selskapet er ein av pionerane innan bruk av miljøvennleg teknologi på skip, og er i dag om lag 500 ansatte. Dei fleste av Eidesvik Offshore sine ansatte jobbar på skip og har ulik maritim bakgrunn. Landsorganisasjonen består av om lag 50 ansatte innanfor fleire ulike fagdisiplinar som teknisk, innkjøp, HMS, HR, økonomi, berekraft, marknad, teknologiutvikling og IT.

Eidesvik Offshore ønskjer å kome i kontakt med dei som utdannar seg innanfor nevnte fagfelt eller anna, og som er nysgjerrig på spanande utfordringar innanfor maritim industri i verdsklasse.

Sjå alle nyhende